Arne Garborg

Arne Garborg

ein biografi

Jærbu og europear, bondestudent, anarkist og bohem, ein mann "mellom Nietzsche og Tolstoj", som han er blitt kalla, ein reflektert mann, ein viktig artikkelforfattar. Alt dette var Arne Garborg. Men korleis levde han? Korleis var samlivet med Hulda, som og var ein markant skikkelse og sjølv forfattar? Og kvifor slutta Arne Garborg å skriva skjønnlitteratur omkring 50 år gamal? Tor Obrestad teiknar eit mangfaldig og spennande portrett i denne medrivande biografien om ein av dei største personlegdomane i norsk kulturhistorie. Denne boka kom fyste gong i 1991. Den blir her utgjeven på ny i høve 150-årsdagen for fødselen hans. Illustrert med fotografi i svart/kvitt. Kronologi.
ForfatterTor Obrestad
Utgitt2001