Slik kan ein ha det i vinterbyen Bergen

I lause lufta over byen svevar Asbjørn Hellås (32) frå Bønes. I skuggane der nede ligg Storelungeren og Smålungeren og Vågen og Fisketorget.

SKIMAGI: Asbjørn Hellås er skikøyrar og akrobat. Her har han nett teke av like oppunder toppen av det høgaste byfjellet, Ulriken (643 moh.). Ein augneblink det er verdt å slita seg opp att ein gong til for å oppleva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Dei pakkar seg i ull og dun, dei som held hus der nede. Vil heim i varme stover. Kanskje kastar dei eit hastig blikk mot høgdene før dei stengjer døra bak seg. Tenkjer at, jau, det kunne kanskje vore ein idé.

Men, akk, det blir med tanken.

Der oppe skin sola framleis. Men leiken på Ulrikens breie bringe tilhøyrer dei åleine, som har tenkt den modige tanken ferdig. Dei som pakkar sekken og skia og snøbrillene og forstår at dei kan jo ikkje hasta inn no. Ikkje no, når alt håp er ute.

Bileta er teke av Henning Sivertsen Skjetne, trønder, nett som Johan Nordahl Brun, han som skreiv Nystemten. Brun, frå Byneset, kom til Bergen i 1774 og vart prest og seinare biskop. Skjetne, skiglad trønder frå snørike Byåsen, kom til Bergen i 2014 for å studera jus. Alt som har med skikøyring å gjera i denne byen, ville vera rein bonus.

HISTORISK: Heldige er vi som fekk oppleva snøvinteren i Bergen i 2018. Asbjørn Hellås på veg til byens tak i solnedgangen.

– Eg hadde høyrt om skikøyring frå Ulriken, men ikkje rekna med å få oppleva det sjølv. Ikkje som noko anna enn ein rarietet. Men no er det jo artig, og vi har mykje skikøyring att å gjera. Vi skal opp att i helga, lovar Skjetne.

Han melder om det same som så mange andre kan melda om i desse dagar: Framifrå skitilhøve i nærområda rundt Bergen. Bileta som vi viser her, er tekne onsdag ettermiddag. Skjetne fortel at han sto om lag midt under Ulriksbane-traseen og fotograferte. Han og kompisen Asbjørn Hellås tok banen opp og køyrde på ski på framsida av Ulriken. Så gjekk dei opp att og skridde ned i Isdalen.

– Det er alltid ein viss rasfare ved slik skikøyring, og ned Isdalen måtte vi gjera nokså grundige vurderingar før vi valde å setja utfor. Men det var aldri noko problem, fortel Henning Sivertsen Skjetne, som reknar med at det snart må koma ein OL-søknad frå vinterbyen Bergen.

EIN SJELDAN SJANSE: Ein flanke ned frå Ulriken. Det kunne vore i Chamonix eller Kitzbühel eller St. Anton. At det er i Bergen, gjer det uendeleg meir eksotisk.
Publisert: