Hopp til innhold

Byggjer "hytte" til 15 mill. kroner

Tildlegare Pan Fish-topp Bjarte Tunold byggjer ein gigantisk fritidsbustad i heimbygda Bryggja i Vågsøy.

Utsnitt frå teikningane av Bjarte Tunold si planlagde hytte på Bryggja.
Foto: Teikning: Iden Arkitekter AS

Mangemillionæren etter lakseeventyret på slutten av 90-talet set no opp eit hus med 35 rom.

Det er litt av ein fritidsbustad som no er under byggjing i Hessevikja på Bryggja i Vågsøy. For Bjarte Tunold har råd til å slå på stortromma når han byggjer i heimbygda. Teikningane viser eit hus på over 700 brutto kvadratmeter, fordelt på 35 rom.

Småpengar for Tunold

Etter det NRK kjenner til kjem huset til å koste vel 15 millionar kroner. Men for Tunold er dette småpengar. Han var sentral i oppbyggjinga av oppdrettsgiganten Pan Fish på slutten av 90-talet. Og då lakseaksjane gjekk til himmels rundt tusenårsskiftet var han i lag med broren på papiret god for vel ein milliard kroner.

Men bobla sprakk, og Pan Fish-aksjane stupte. Likevel fekk ifølgje ekspertar Tunold med seg vel 200 millionar kroner då han trekte seg ut i 2003.

- Ikkje noko å prate om

Deler av desse pengane har han brukt på ein stor aksjepost i Welcon, som mellom anna driv Måløy Sildeoljefabrikk. Og no regnar det også på lokale handverkarar som byggjer fritidsbustaden.

Men sjølv meiner Bjarte Tunold huset ikkje er noko å prate om, og ynskjer difor ikkje å kommentere saka.