Landsnes driv feriesenter med hytter og leiligheter for fisketuristar på Helgøy i Sjernarøyane.,

Då varslet om ny springflo kom for nokre dagar sidan, visste han kva han skulle gjera.

-Saman med kona berga me unna alt av inventar som kunne, og sette det på pallar og kassar. Båtane drog me ut frå byggekantane og fortøyde dei der for å unngå at dei skulle havna oppå kaien eller bli skada. Det var nemleg mykje drag i sjøen, seier Landsnes til Øyposten.

Med 10-12 båtar og fleire flo-utsette lokaler å ta seg av, blei det ein heil sjau. Men då vatnet steig mot stadig nye høgder mandag kveld, fekk dei takk for strevet.

-Me slapp frå det utan skader av betydning. Det er mulig nokre kvitevarer som me ikkje kom til fekk skader frå vatnet. Men det likevel lite i forhold til kva det kunne vore. Heldigvis var det heller ikkje vind av betydning, seier Landsnes.

Det tidlegare lakseslakteriet, som nå blir brukt av ferieturistane til å sløya og stella fisken, er mellom dei bygningane som ligg lågast. Her gjekk sjøen over golvet, og på ytterveggen viser merket etter sjøen som har stått 15 centimeter opp på muren.

I 1986, då slakteriet var nytt slo uværet til med større tyngde enn nå, ifølge Landsnes.

-Då stod sjøen 15-20 centimeter høgare enn nå, pluss at det var sørleg sterk kuling med storm i kasta. Då flaut det fiskekassar lang inn i sunda her. Det var bakgrunnen for at eg bygde hyttene såpass høgt at dei skal gå klar, seier han.

Nå er han takknemlig for at værvarslinga er blitt så god at slike situasjonar blir varsla i god tid på forhånd.

-Det er så mykje fokus på dette frå alle kantar, at me ikkje kan unngå å vita om det. Då får me tid til å førebu oss. Elles kunne det fort blitt til at me håpa på det beste til det var for seint, seier Landsnes, som ventar sesongens første fisketuristar alt til helga.