Dagleg leiar i Teal, Tove Sivertsen vil kalla inn tomatprodusentane til samtalar om krisa i næringa. Foto: Arkiv.

FINNØY:

Både dei som har økonomisk ryggrad til å fortsetta, og dei som ikkje har, skal få tilbod om rådgjeving hjå Teal.,

-  Dei som me ikkje allereie har vore i kontakt med vil snart få tilbod om samtalar hjå oss. Me ynskjer å diskutera med næringa kva for moglegheiter som finns. Om det er mogleg å tenka seg andre kulturar det går an å dyrka i kalde veksthus. Er det nye og smartare måtar å produsera på? Det er mange spørsmål, og det er mykje ny kunnskap og innovasjon som kan vera til hjelp for dei som ynskjer å omstilla drifta. Eg håpar me kan vera der som gode støttespelarar for ein bransje i krise, seier leiar i Teal, Tove Sivertsen.

Færre og større

- Kva trur du om framtida i tomatbransjen?

- Er det nokon som har vist seg å vera omstillingsdyktige så er det tomatbøndene. Det er utruleg mange framoverlente aktørar i bransjen, men skyhøge kraftprisar kan ingen rå med. Behovet for lokalprodusert mat er aukande, og me har sagt me skal produsera meir. Men då må me som forbrukarar vera villige til å betala for kvalitetsmat, og rekna med at norsk mat blir dyrare, slik at til  dømes tomatprodusentane tåler høgare energiprisar. Diverre trur eg det blir slik at dei små produsentane forsvinn og at det blir færre men større igjen. Tomatproduksjonen er ei viktig næring ikkje berre for Finnøy og Rennesøy, men for heile landet. Me må heia dei fram, og gjer alt me kan for å behalda produksjonen av norske kvalitetstomatar lokalt, avsluttar Tove Sivertsen i Teal.