Vi er på besøk hos Olav Hansen i gapahuken hans ved Hostadvatnet i Fræna. Han har vore ute og dratt garn, og har fått ein fin fangst med aure.

– Slik gjer eg det, seier han medan han kvesser den slanke fileteringskniven med brynestålet. Han grip ein fisk, og set i gang. Vi rekk nesten ikkje å sjå kva som skjer. Olav gjer nokre raske snitt med kniven, og der ligg to skinnfrie filetar på benken.

Fileteringsgaffel. Deretter tek han fram noko vi aldri har sett før, ein slags gaffel i rustfritt stål. Han held fast fileten med gaffelen og skjer vekk brystbeina. Dermed er dei to skinnfrie filetane også heilt beinfrie!

– Det er viktig med god reiskap. Det nyttar ikkje å bruke brødkniven. Denne tyske fileteringskniven er passe mjuk og laga av svært godt stål. Gaffelen har eg konstruert og laga prototypen til sjølv. Eg har fått Bergmoprodukter til å lage eit parti som er til sals gjennom Fræna Jeger og Fiskerforening, seier Olav.

Fræna Jeger- og Fiskerforening og Olav Hansen har gjort filetering og servering av småaure til ein spesialitet. Gjennom 10 år har dei vore fast innslag på Dei nordiske jakt- og fiskedagane i Elverum. I år hadde dei med seg 1300 fiskar som vart filetert steikt og servert til dei mange frammøtte.

– Ja, det er populært. Vi får mange godord frå folk som kjem innom for å smake på fisken vår. Det er faktisk kø ved standen vår når vi set i gang med filetering og steiking i Elverum, seier Olav.

Kultivering. Hostadvatnet og dei andre vatna i ytre Fræna, Langvatnet og Skjeldbreia, er rike på aure, men problemet er at vatna her som mange andre stader har for mykje fisk. Der går ut over kvaliteten og storleiken på auren.

– Det er viktig at det blir fiska mykje, og Fræna Jeger- og Fiskerforening gjer ein stor jobb mellom anna i Skjeldbreia. Når eg og andre fiskar aure her i Hostadvatnet, er det både rekreasjon og godt kultiveringsarbeid. Dessutan er det matauk, og småauren er ein stor ressurs som alt for få veit å sette pris på. Fleire burde prøve metoden med filetering i staden for den tradisjonelle steikinga av heil, rund fisk. Steikt aurefilet er mykje betre enn rundt fisk med skinn og bein. Prøv sjølv, og kjenn forskjellen, seier Olav.

Gourmetmåltid. Og visst fekk vi prøve. Medan vi har prata og sett på fileteringsteknikk, har kona til Olav, Inger Åse, steilt i stand eit festmåltid for oss. Ei panne med steikt aurefilet blir sett på bordet saman med god salat og rømmedressing. Vi smattar og smakar, og blir overbevist etter første munnfull.

– Dette er faktisk ein delikatesse. Eg skjønar godt at det er kø når de er på Elverum på jakt- og fiskedagar, seier kortreist-fotograf, fiskar og prøvesmakar, Jan Inge Tomren, før han kastar seg over neste rett, riskrem med raud saus.

Gjengroing. Medan vi nyt maten ved bordet inne i gapahuken, ser vi utover det idylliske Hostadvatnet. Olav er bekymra over gjengroinga i vatnet. Han meiner vernestatusen for vatnet ikkje må vere til hinder for at ein kan rydde bort siv.

– Det finst slåmaskiner for bruk under vatn. Det trengst her. Eg håper Fylkesmannen også innser det, og gir grønt lys for eit slikt tiltak. Eit anna vatn i området her, Frelsvatnet, er alt fullstendig gjengrodd av siv, seier han.

Men Olav Hansen er langt frå pessimist. Han har tru på at fiske og kultiveringsarbeid skal auke kvaliteten på fisken, og at fleire skal oppdage gleda ved å fiske og bruke aure (krèe) som mat, velsmakande og god mat!

Velkommen! – Folk som vil fiske er velkomne hit. Eg kan leige ut båt for ein rimeleg pris, og dei som leiger båt kan fiske gratis frå min grunn. Eg har hatt mange grupper her, skuleklassar, speidarar og 4H-grupper, som har fiska og fått smake på filetert aure. Det er berre å ta kontakt, så kan eg ta på meg å lage eit program for ein dag eller ein kveld, seier jeger, fiskar og fileteringsmeister, Olav Hansen.

Filetmester: Olav Hansen fileterer 2000 slike småaurar i året.
Gapahuk: Olav Hansen med Hostadvatnet i bakgrunnen.
Delikatesse: Mjøla og krydra aurefiletar i steikepanna.
Kniv: Ein skarp og passe mjuk kniv er viktig.
Gaffel: Filetgaffelen er Olav Hansens eiga oppfinning.
Filet: Skinn- og beinfrie filetar på nokre sekund.