From Script to Screen er eit emne i skjønnlitterær kortfilm ved Avdeling for kulturfag. Emnet er ein introduksjon i prosessen frå å skrive eit manus, via filming og skodespel, til redigering og ferdig film.

I førre veke var det Thriller på undervisingsplanen, og to av gruppene ønska å filme scenen sin på eit hotell. Volda Turist Hotell stilte opp og gav studentane eit rom til disposisjon heile fredagen.

– Vi er heldige som har eit næringsliv som er så positivt innstilt til slike prosjekt, seier emneansvarleg Dag Svein Roland.

Engelsk undervisning

Studentane på emnet går drama og teater, media, ikt og design eller kjem frå ulike Erasmus-studiar, så undervisninga går føre seg på engelsk. Studentane får ulike oppgåver å bryne seg på kvar veke, og denne gongen var fokuset på truverd.

– Å få spele inn på location er ein stor fordel, for det skaper eit truverd i uttrykket, og det er inspirerande for studentane, seier seksjonsleiar Vibeke Preus Bech.

Filmoppgåvene er no levert inn og studentane er i full gang med arbeidet med sine eigne kortfilmar. Dei håper på vidare godt samarbeid med lokale krefter.